Me lagar det meste og ordnar alt som har med trykksaker å gjera. Trykkeriet ligg i øystese sentrum, midt i Hordaland. Me er nærast til for alle kvemmingar, dei fleste hardingar, og berre ein times køyring frå Bergen. Sidan me er ein liten aktør i den grafiske marknaden, legg me stor vekt på å ha eit tett og godt samarbeid med deg som kunde. Den grafiske bransjen har endra seg mykje, og me har heile tida lagt vekt på å vera langt framme når det gjeld kvalitet og leveringstid. Me har medarbeidarar med lang erfaring og me strekk oss langt for deg som kunde.
Me held til under same tak som Riss grafisk formgjeving AS, og i lag kan me stå til teneste med det meste, heilt frå idestadiet til du står med det ferdige produktet, anten det er ein bunke med visittkort eller ein roman...
Velkomen innom!
Gå til Lionskatalog skjema
Skriv inn: personopplysningar, telefonnummer og/eller E-post-adresse som skal være med i Lionskatalogen 2012